Potensering i praksis – eit møte med Brita Gudjons

Brita Gudjons er farmasøyt og driv firmaet Homöopatisches Labor Gudjons, som tilverkar alle legemiddelpotensane for hand. Brita er svært oppteken av å følgje Hahnemann sine retningsliner under tilverkinga av legemidla og har difor søkt om, og fått, særskild løyve hjå dei tyske styresmaktene til å framstille dei homøopatiske legemidla nøyaktig slik han har skildra det i «Dei kroniske sjukdommane, deira særeigne natur og homøopatiske kur» (2. utg.) og «Organon» (6. utg.).