Homøopatiske tiltak og tips ved sporadiske uhell og hendingar under behandling

Av homøopat John Petter Lindeland og homøopat Svein Johannessen

Under behandling av kroniske sjukdommar kan ein til tider oppleve uventa episodar og uhell som fører til mellombelse tilstandar som forstyrrar det homøopatiske behandlingsforløpet, og som  krev bruk av eit mellombels middel før ein igjen kan fortsetja behandlinga av den underliggjande kroniske sjukdomen. Det kan dreie seg om avkrefting etter epidemiske sjukdommar, sjokk,  fallskader, sår, forbrenningar og brannskadar, overanstrenging, kraftig nedkjøling, sorg ved tap av nære slektningar og vener, dårleg kosthald med meir.

Ubehandla sjokk, sorg og andre alvorlege personlege problem kan gjere ein kronisk sjukdom vanskelegare å behandle og kan i verste fall føre til at sjukdommen ikkje lengre let seg behandla fullt  ut. Det er difor viktig at desse mellombelse tilstandane og hendingane blir behandla så snart som mogeleg.

Homøopatiske tiltak og tips

Når det gjeld tilstandar som kan føra til mellombelse forstyrringar av det kroniske behandlingsforløpet, gjev homøopatiens grunnleggjar Samuel Hahnemann råd og tips om homøopatiske tiltak ut frå eigne kliniske erfaringar. Vi tykkjer at dette kan vera nyttig kunnskap også ved bruk av andre terapiformer i behandling av kroniske tilstandar.

  • Ved fordøyelses- og magebesvær
    Dersom ein opplever problem med magen grunna inntak av feit mat, og då særleg svinekjøt, vil faste og Pulsatilla vere gunstig. Ved mageproblematikk med oppstøyt, gulping og raping, samt  kvalme og ein tendens til å ville kasta opp, bruk Antimonium crudum. Ved kuldefølelse i magen etter inntak av frukt, Arsenicum, og ved ‘hangover’ og ubehag etter inntak av  alkoholholdig drikke, Nux vomica. Ved oppblåst mage med gastrisk feber, frysing og kulde, Bryonia.
  • Ved frykt og redsle
    Dersom det er i eit tidleg stadium og frykta forårsakar angst, vil Opium vere eit godt val. På eit seinare stadium og der redsla gjer seg utslag i sinne og harme, vil Aconitum vere mest  passande, og dersom frykt eller redsle forårsakar sorg og tungsinn, bruk Ignatia.
  • Ved irritasjon og harme
    Dersom irritasjon og harme er kombinert med sinne og opphissing, vil Chamomilla vere eit godt middel. Kombinert med frost og kuldefølelse i kroppen, bruk Bryonia. Ved irritasjon og  harme kombinert med indignasjon og djup audmjukingskjensle og ein samstundes sleng frå seg ting i affekt, Staphysagria. Ved irritasjon og harme med stillteiande audmjukingskjensle,  samsvarar Colocynthis betre.
  • Ved kjærleikssorg
    Dersom kjensla gjer seg utslag i stillteiande og taus sorg, bruk Ignatia. Dersom sjalusi er framtredande, Hyoscyamus.
  • Ved kraftig nedkjøling
    Dersom ein er kraftig nedkjølt og aller helst vil vera innomhus eller krype til køys, bruk Nux vomica. Ved kraftig nedkjøling med påfølgjande diaré, Dulcamara. Med påfølgjande smerte og tendens til å ville gråte, Coffea cruda. Med diaré og påfølgjande feber og hete, Aconitum. Med påfølgjande kvelingsanfall, Ipecacuanha. Med påfølgjande rennande nase og tap av lukt- og smakssans, Pulsatilla.
  • Ved forstrekking eller forløfting
    Etter forstrekking eller forløfting er Rhus Tox hovudmiddel. Arnica kan nyttast i nokre høve.
  • Ved blåmerke og slagskadar
    Dersom blåmerke og sårskadar oppstår etter slag/støyt frå sløve gjenstandar, bruk Arnica.
  • Forbrenning og brannskadar
    Ved forbrenning og brannskadar, ha på kompress som er fukta med Arsenicum løyst opp i vatn eller ha på bandasje som er fukta med sprit blanda i veldig varmt vatn.
  • Ved veikskap eller slappheit grunna væske- eller blodtap, bruk China.

Inntak av homøopatisk middel ved mellombelse hendingar

For ei raskast mogeleg effekt, og dermed også kortast mogeleg forstyrring av den vidare behandlinga av den kroniske sjukdommen, vil inhalering av middelet vere å føretrekke. Ein løyser da ei  eller to kuler av det homøopatiske middelet opp i vatn og sprit i ei lita flaske og inhalerer med jamne mellomrom til den mellombelse hendinga er over. For best mogeleg resultat, er det viktig at middelet si verknadskraft blir endra noko mellom kvar dose. Dunk difor flaska godt fleire gongar mot eit fast underlag mellom kvar inhalering.

Så snart den mellombelse, akutte situasjonen er over, tek ein opp att og fortset behandlinga av den underliggjande kroniske sjukdommen.

Kjelde:
Samuel Hahnemann: Die chronischen Krankheiten – bind 1