Undersøking av kjeldene til den vanlege legemiddellæra – I

Undersøking av kjeldene til den vanlege legemiddellæra – I

I dette essayet som blei publisert i 2. utgåve av «Reine Arzneimittellehre» bind 3 (1825), undersøkjer Hahnemann ulike metodar som ofte blir nytta for å skildre legemidla sine kurerande eigenskaper og diskuterer desse med omsyn til deira eksakte dynamiske verknad i den levande organismen.

Omsett frå den engelske utgåva (R. E. Dudgeon) av homøopat MNNH Svein Johannessen
Kvamsøy 1997

* * * * *

I tillegg til kunnskap om kva som skal kurerast i kvart einskild kasus, kan det ikkje vere viktigare kunnskap for ein praktisk lege enn kjennskap til dei kurerande reiskapane – å vite kva kvart einskild middel med visse kan kurere.

23 hundreår er blitt nytta i resultatlaust arbeid med å oppdage den veg ein må følgje for å kunne oppnå denne kunnskapen; og alt slit det har kosta, har ikkje ført eitt steg vidare.

Dersom dei millionar av legar som i denne lange perioden brukte tid på dette spørsmålet, berre hadde oppdaga vegen til korleis kunnskap om dei kurerande eigenskapane i kvart legemiddel kunne finnast, hadde mykje, mest alt, vore oppnådd; for dermed ville det vore mogleg i følgje denne veg, og dei beste legane sin seriøsitet og sitt strev ville snart ha erobra eit såpass monaleg kunnskapsfelt at også det som måtte gjenstå å bli undersøkt, ville vore innafor vår rekkjevidde.

Men til no har ikkje éin tråkka den stig som tydeleg og sikkert fører til målet. Alle dei stigane som hittil er tråkka, er følgjeleg ikkje anna enn blindspor, noko det eine hundreåret blei tvungen til å seie om stigane i det føregåande. Det er desse blindspora vi skal undersøkje litt nærare.

* * * * *

Den første kjelda som har overlevd til no, er rein og skjær gjetting og fiksjon som gjer forsøk på å påvise legemidla sine generelle terapeutiske eigenskapar.

Nyleg utgjevne legemiddellærer presenterer stoffet nøyaktig på same måte som teksten blei presentert av Diskorides for sytten hundreår sidan: denne og hin substans er betennelseshemmande, løysande, urindrivande, svettedrivande, menstruasjonsregulerande, antispastisk, uttrekkjande etc. Dei same skildringane av spesielle legemiddelsubstansar sine generelle eigenskapar som ikkje viser seg å vere sanne; dei same generelle påstandar som ikkje held mål når dei vert sett på prøve ved sjukesenga. Undersøkingar viser at legemidlet svært sjeldan utfører det desse bøkene påstår med omsyn til midlet sine generelle terapeutiske eigenskapar i menneskekroppen; og at når så skjer, anten av andre årsaker eller grunna ein forbigåande palliativ effekt (primærverknad), oppstår med visse ein motsett effekt, til det verre for pasienten.

Dersom eit legemiddel, lovprist for sin urindrivande, svettedrivande eller menstruasjonsregulerande kvalitet når den blir gjeve aleine, ser ut til å kunne ha denne effekten under spesielle tilhøve og i eitt av mange kasus, er det da grunnlag for å seie at legemidlet absolutt innehar desse kvalitetane; men andre ord, fortener det tittelen som uomtvisteleg svettedrivar, menstruasjonsregulerar eller urindrivar? I så tilfelle ville vi kalle ein som berre no og da handla rettvist, ein rettvis mann; og ein som laug berre i sjeldne høve, ville vi vørdsamt kalle ein sannferdig mann, ein mann av sitt ord!

Skal vi la våre førestellingar bli såpass perverterte og så snudd på hovudet?

Desse sjeldne døma er slett ikkje bevis for at ein spesiell effekt vil finne stad, sjølv ikkje ein sjeldan gong; for ikkje i eitt av hundre tilfelle blei substansen gjeve aleine, men bortimot alltid i kombinasjon med andre legemiddel.

Kor få legar har gjeve ein pasient berre ein einskild substans om gongen og venta på substansen si reine verknad og fullstendig unngått påfølgjande bruk av andre medisinske substansar! Ordinære legar bruker ikkje anna enn miksturar av ulike legemiddel! Og dersom dei i det heile gir ein einskild substans, t.d. i form av pulver, passar dei alltid på å ordinere noko urteekstrakt (eit anna legemiddel), eller medisinert klyster, eller noko til å smørje på huda, eller badetilsetningar av andre urter, i tillegg. Denne ibuande last heng ved den ordinære lege lik bek, slik at han aldri kan kvitte seg med den. Han er i klemme både framme og bak og får ikkje ro og er ikkje tilfreds dersom ikkje dette eller hitt og fleire andre legemiddel vert ordinert i den tvilsame ‘handelen’.

Og for slikt har dei mange unnskyldningar.

Dei påstår at dette eller hitt legemiddel (som dei ikkje veit noko som helst om med omsyn til særeigne og reine verknader) er hovudingrediensen i deira samansette ordinering, og at alle verknadene må tilskrivast den. Dei andre substansane blei tilsett av andre grunnar, nokre for å støtte opp om hovudingrediensen, nokre for å korrigere den, andre for å drive den til denne eller hin del av kroppen, eller for å gi dei naudsynte instruksjonar undervegs (sjølv om deira eigen særeigne funksjon er ukjend); som om legemidla skulle vere intelligente vesen utstyrt med ein vel disponert vilje og dressert til audmjukheit, slik at dei utfører akkurat det legen har gjeve ordre om og ikkje ein tøddel meir i kroppen!

Men sluttar desse tillegssubstansane, med sine særeigne og ukjende medisinske verknader, å forstyrre og motverke hovudingrediensen sin effekt på kommando og produsere, i samsvar med evige regelbundne tilhøve i deira eigen ibuande natur, verknader som ein ikkje kan ha mistanke om eller kunne rekne seg til på førehand, og som berre kan bli oppdaga og skaffast kunnskap om gjennom rein undersøking?

Kor dumt er det ikkje å vurdere ei kraft si verknad, så lenge andre krefter av eit anna slag samstundes, om ikkje hovudsakleg, men på lik linje, påverkar resultatet?

Det ville ikkje vere meir absurd enn at nokon prøvde å overtyde oss om at han hadde oppdaga bordsalt som ein god ernæringsartikkel; at han hadde ordinert det til ein halvt ihelsvolten mann, og at vedkommande ikkje før hadde ete av det, før han igjen vart oppliva, følte seg mett og blei styrkt, som ved eit mirakel; at om lag 28 g salt var basis og hovudingrediens i den ordinerte næringsrike resepten som blei oppløyst lege artis i quantum satis kokande vatn, kor i han tilførte ein god klump smør for å korrigere og eit halvt kilo fint kutta rugbrød som støtteprodukt. Etter kraftig omrøring skulle denne blandinga (suppa) med ein gong takast inn av den svakelege pasienten, som dermed fekk sin svolt fullstendig stilla. Dei sistnemnde ingrediensane var berre uviktige tilleggsprodukt. Dei 28 g salt var hovudingrediensen og blei ordinert som basis i resepten; og sjå! – i hans hender hadde det, så fremst det blei laga nøyaktig etter desse direktiv, alltid skapt dei mest fordelaktige resultat.

Dersom eigenskapar som saturans, analepticum, restaurans, reficiens og nutriens på dette grunnlag blei tilskrive artikkelen Sal culinare i ‘kjøken’-middellæra, ville det ikkje vere meir barnsleg og absurd enn at ein lege som usystematisk ordinerer ein substans som basis i eit urindrivande middel, samstundes som han plussar på to, tre eller fire andre sterke (ukjende) medisinske substansar (utvilsamt under det viselege formål å skulle tene som korreksjon, vegvisar, støtteapparat…) og beordrar pasienten til å gå att og fram i eit kaldt rom medan han tek blandinga, samstundes som han drikk store mengder varm væske lagd av rhinsk vin, tilført godt med sukker, og så triumferande annonserer den fantastiske suksessen på grunnlag av den ordinerte basis: «Pasienten har fått ut meir urin enn vanleg.» I hans augne er tillegssubstansane og måten inntaket vart gjort på, berre uviktige småting og utan verknad på resultatet, slik at han kan tilskrive den substansen han reknar som hovudingrediens i resepten, den substansen han (utan å vite kvifor) interesserer seg mest for og den substansen sitt ry han ynskjer å utvide, all ære for dei verknadene som oppstod. Når ein på grunnlag av slik usystematisk og pågåande lovprising av eit legemiddel som blir favorisert av vedkomande, og som vedkomande i utgangspunktet tilskriv spesifikke eigenskapar, skjer naturlegvis det at legemiddel blir skildra med ufortente og ikkje stadfesta kvalitetar som urindrivande, menstruasjonsregulerande, resorberande, svettedrivande og antispastiske i den ‘velviljuge’ legemiddellæra, der dei etterpå opptrer som sanningar og på den måten vert villeiande for dei som set sin lit til den.

Denne særeigne verknaden må tilskrivast alle dei legemidla som vart nytta samstundes! Kor liten del av den usikre påskjønninga av å vere ein urindrivar, ein svettedrivar, ein menstruasjonsregulerar eller ha ei anna verknad, kan tilskrivast kvar einskild ingrediens i resepten!

Skildringa av legemidla sine generelle terapeutiske eigenskaper, slik dei blei utført av Diskorides og gjenteke av hans etterkomarar, og som i tillegg okkuperer mesteparten av legemiddellærene sjølv i vår eiga tid – at dette eller hitt legemiddel er urindrivande, svettedrivande, reinsande, spyttproduserande eller blodreinsande – er følgjeleg reint fiktive.

(Dersom ingen annan eigenskap kan tilskrivast eit legemiddel, må det i det minste vere reinsande; reinsande på ein aller annan måte; for, utan utreinsking – utan ei utreinsking av den sjukelege materien som deira fullstendig materialistiske førestelling om sjukdom fekk dei til å søkje i alle sjukdomstilfella, trudde dei det ikkje var mogleg at eit legemiddel kunne føre til kur. Sidan utviklinga av og eksistensen av sjukdom i følgje dei kom av denne hypotetisk sjukdomsframkallande materien, retta dei all merksemd mot alle tenkjelege utskiljingskanalar i kroppen der denne dødelege materien kunne skiljast ut ved hjelp av legemiddel; og legemidla på si side måtte gjere dei den tenesta, på eiga hand å plukke ut og leite opp denne tenkte sjukdomsframkallande materien i dei talrike årene og væskene og reinske den ut gjennom t.d. urinen, sveitten og spyttet. Desse var dei primære verknadene dei ønskte og håpa på frå legemidla; dette var den rolla alle legemidla i legemiddellæra var tildelt.)

Forsikring om at dette eller hitt legemiddel er resorberande, at det verkar stimulerande eller dempande på sensibiliteten, irritabiliteten eller på reproduksjonen, kviler eine og aleine på grunnlause hypotetiske førestellingar. Det var i seg sjølv ei uriktig og hypotetisk førestelling, utan bevis og realitet, at det i det heile var naudsynt å utføre desse tiltaka direkte mot sjukdomar. Korleis kunne ein, under dekke av fornuft, gjere noko så risikabelt som å tilskrive einskilde legemiddel desse, i seg sjølv verdilause eigenskapane, utan bevis og fullstendig utan å vurdere det faktum at dei mest aldri blei ordinert aleine, men stort sett alltid i kombinasjon med andre? Ei kvar slik forsikring er ei lett gjennomskodbar løgn.

Kva er i det heile blitt observert oppløyst eller resorbert av legemiddel i det indre av menneskekroppen? Kva for fakta har danna grunnlag for bevis for at det var mogleg for legemiddel å utvise evne til å kunne oppløyse levande delar av organismen? Kvifor er ikkje udiskutable bevis for ei slik evne i visse substansar lagt fram? Sidan det ikkje er mogleg å observere slike mekaniske og kjemiske verknaderfrå eit legemiddel på levande delar av organismen sitt ikkje utforska og enno ikkje utforskbare indre, og sidan feil innan det alvorlegaste og viktigaste av alle yrke på jord – kurering av sjuke – unekteleg har dei mest skadelege konsekvensar, kvifor har ikkje skamkjensle heldt menneska tilbake frå å publisere slike fiksjonar som sanning og dogme, og, utan å raudne, uriktig tilskrive legemiddel slike verknader? Falskneri på dette feltet er det største brotsverk – ikkje mindre enn høgforræderi mot menneska.