Undersøking av kjeldene til den vanlege legemiddellæra -II

I dette essayet som blei publisert i 2. utgåve av «Reine Arzneimittellehre» bind 3 (1825), undersøkjer Hahnemann ulike metodar som ofte blir nytta for å skildre legemidla sine kurerande eigenskaper og diskuterer desse med omsyn til deira eksakte dynamiske verknad i den levande organismen.

Omsett frå den engelske utgåva (R. E. Dudgeon) av homøopat MNNH Svein Johannessen
Kvamsøy 1997

* * * * *

Og kva er det i dei skjulte, indre delane av den lavande kroppen som skal oppløysast eller fjernast, som den menneskelege organismen ikkje sjølv, dersom naudsynt, kan oppløyse når den blir påverka av legemiddel som gjer den skikka for gjenvinning av helse?

Eksisterer det i det heile noko i kroppen som skal oppløysast utanfrå, slik det blir lagt fram? Har ikkje vår eigen Sommering bevist at dei oppsvulma kjertlane som ein hittil alltid har trudd har hatt med obstruksjon å gjere, i staden har hatt overdilaterte årer? Har det ikkje vore stadfesta gjennom grundig undersøking at det same ubehagelege tarminnhaldet som Kampf på hypotetisk grunnlag meinte å eksistere i mest alle pasientane som leid av kronisk sjukdom, i form av tilstopping og opphoping, kan bli produsert i og kome ut av tarmane, til og med hjå friske bønder, ved gjenteken bruk av Kampfs klyster; sjølv om han ved hjelp av sine miksturar av urteavkok, gjeve i form av hundre klyster, secundum artem, skapte dei unaturlege tilhøva i tarmane som produserte desse sekreta og førte til utskiljing av dei, til alle som var vitne til dette sin skrekk, følgde, mest utan unnatak, resten av profesjonen denne metoden, og frå deira synsvinkel såg dei ikkje anna enn obstruksjonar i dei minste årene i buken, infarkter og opphopingar hjå mest alle pasientane, og rekna dei sanselause urte-miksturane til Kampf som verkeleg løysande og uttynnande og klysterte dei stakkars pasientane mest i døden med så stor energi og iver at det var ei synd og ei skam, og det til ære for ein hypotese.

Så, dersom desse førestellingane skulle vise seg å vere absolutt reelle og at det skulle vere noko som skulle løysast opp og fjernast i den sjuke menneskekroppen, kven har nokon gong sett denne oppløysinga eller fjerninga finne stad ved legemidlet si direkte verknad på pasienten sitt indre medan han attvinn helse, slik at vitalkrafta som frå før regjerte over alle operasjonane i organismen, i dette tilfellet skulle innta rolla som passiv tilskodar og late legemidlet arbeide, utan hjelp, på dei delande ein går ut frå er tilstoppa og indurerte, slik ein garvar arbeider med sine skinn?

I følgje eit sjukdomstilfelle (publisert i Hufelands Journal, desember 1815) blei kronisk oppkast etter måltid fjerna ved hjelp av kalomel (kvikksølvklorid). Ikkje noko mindre enn indurasjon av mage og pylorus blei sagt å vere årsak til dette oppkastet, noko den som la fram kasuset, med største sjølvtillit forsikrar oss om, utan å leggje fram det minste bevis som støtter opp om denne påstanden. På denne måten tilskriv han kalomel ei uomtvisteleg løysande evne og tek sjølv æra for å ha kurert ei sjukdomstilstand som er like sjeldan som den er ukurerbar. Ein annan forfattar (i Hufelands Journal, 1813) utbasunerer med same imaginære førestelling at smerte og spasmar i magen, oppgulp og oppkast hjå pasienten, skuldast ein organisk sjukdom i magen – skirrus, indurasjon og tumorar – og går ut frå at desse blei fjerna etter at pasienten drakk eit avkok av tricitum-repens i lengre tid (samstundes som han heldt seg til vel regulert diett og levesett?), og at han dermed har vist til fulle at denne planta kan kurere skirrus i magen, utan det minste bevis for at dette i det heile var tilfelle. Magesmerte, oppgulp og oppkast etter måltid, til og med over lengre tid, er ikkje på nokon måte sjeldne plager og blir ofte kurerbare ved forbetra diett og levesett og representerer i seg sjølv ikkje noko bevis på indurasjon av eller skirrus i magesekk eller pylorus. Slike plager er årsak til langt alvorlegare symptom enn smerte, oppgulp og rein oppkast.

Dette er likevel ein høgst rekommandert måte, ufortent å opphøgje legemiddel til å vere løysande, utvidande etc., nemleg ved blind gjetting og forsikrande påstandar om at ei alvorleg indre liding, som ein korkje har observert eller er i stand til å bevise eksistensen av, er til stades.

* * * * *

Den andre kjelda for legemidla sine eigenskapar, slik dei er skildra i legemiddellæra, blir påstått å byggje på sikker grunn, nemleg ved at deira verknad blir stadfesta på grunnlag av deira sanselege eigenskapar.

Eg vil spare den vanlege medisinske skule for audmjuking ved å minne den om den ufornuft legane langt attende i tid viste ved å stadfeste dei medisinske kreftene i råe legemiddel på grunnlag av deira signatur. Ut frå farge og form gav dei ei testikkelforma orkidè-rot for å gjenopprette mannleg virilitet; phallus impudicus for å styrke svake ereksjonar; dei tilskreiv den gule curcuma longa (gurkemeie) evna til å kurere gulsott og rekna hypericum perforatum (prikkperikum) for å vere nyttig ved blødingar og sår, sidan dei gule blomane gir frå seg ei raud saft når dei blir knust (St. Fohns blod) etc.; og sjølv om restar av slike absurditetar enno finst i dei mest moderne legemiddellærene, skal eg avstå frå å audmjuke også dagens legar.

Eg vil berre kort referere til noko som neppe er mindre dumt, nemleg forsøka, som også blir gjort i vår eiga tid, på å gjette medisinske krefter ut frå legemidla sine lukter og smakar.

Gjennom å smake og lukte på legemidla prøvde dei å påvise kva for verknad dei ville ha på det menneskelege lekam; og i denne prosessen skapte dei nokre generelle terapeutiske uttrykk.

Dei proklamerte at alle plantar som hadde ein bitter smak, skulle og måtte ha ei og same verknaden, berre fordi dei smakte bittert.

Men kva for variasjon av bitre smakar finst ikkje! Indikerer ikkje denne variasjonen ein tilsvarande variasjon i verknad?

Og korleis oppnår den bitre smaken denne æra, tilskrive den av legemiddellæra og dei praktiserande legane, at den er eit bevis på dei såkalla magestimulerande og styrkjande legemiddelkreftene og eit bevis på deira liknande og identiske verknad, slik at dei i følgje dette grunnlause prinsippet, ikkje har andre medisinske verknader enn denne?

Sjølv om nokre av dei i tillegg har ei særeigen evne til å skape kvalme, magesmerte og oppgulp i friske individ og følgjeleg har evne til å kurere ei påverknad av ein liknande natur homøopatisk, innehar dei i tillegg særeigne medisinske krefter som er temmeleg ulike desse, krefter som hittil ikkje har vore observerte, men som ofte er viktigare enn dei som er tilskrive dei, og som skil dei frå kvarandre i svært stor grad. Å ordinere den eine tingen med bitter smak etter den andre, utan noko form for diskriminering, som om alle skulle verke på same måten; eller tankelaust å blande dei saman i ein resept og administrere dei under etiketten bitter (extracta amara), som om dei uomtvisteleg var identiske legemiddel med evne til berre å styrke og forbetre magen, avslører den mest miserable, mest primitive rutinisme!

Og dersom det bitre aleine er tilstrekkeleg til å bevise at alt som smakar bittert (amara!) absolutt berre styrkjer og forbetrar ein dårleg mage, slik denne diktatoriske læresetninga til autoritetane innafor legemiddellære og terapi vil ha oss til å tru, da må også colocynthissquillsboletus laricis, den tjukkborka, mykje misbrukte angusturaeupatoriumsaponariamyrica galelupinalactuca virosa,prussic acid og upas-gift på same måten få etiketten bitter og rangere blant dei styrkjande, mageregulerande legemidla.

Ut frå dette kan ein kvar lett sjå kor irrasjonell og feilaktig læresetningane i den vanlege legemiddellæra er, kor nær opp til falskneri det er! Og for eit brotsverk – å gjere falskneri til basis for vårt system for behandling av sjuke!

Kinabork blei funne å ha bitter og stram smak. Dette var tilstrekkeleg for dei til å bestemme borken sine ibuande krefter. Og dermed må alle substansar og all bork med bitter og stram smak tilskrivast dei same medisinske kreftene som kinabork. Slik blei legemidla sine verknader på menneskekroppen stadfesta i legemiddellæra, på den mest utenkjelege og forhasta måte, berre ut frå smaken! Og likevel må det og vil for alltid vere usant at bork av pil eller ei blanding av aloe og bitternøtt har dei same medisinske kvalitetane som kinabork. Kor mange slike kinabork-substitutt, offentleg rekommandert, produsert og seld av høgtståande legar og gjeve til pasientar med største overtyding av andre legar, har ikkje måtte svare for alle dei verknadene som blei forventa av kinabork.

På denne måten blei menneska sine liv og helse gjort avhengig av nokre få idiotar sitt synspunkt, og alt som i det heile nådde inn i deira høgt prisa hjernar, fekk legemiddellæra til å vekse i omfang.

På same måten blei ei rekkje underlege, ulike lukter blanda saman i ein kategori og alle døypt aromatar, slik at ein enkelt og greitt kunne tilskrive alle med dette namnet ei liknande medisinsk verknad. Utan det minste strev eller vurdering blei det erklært at alle som ein var stimulerande, nervestyrkjandeløysande etc.

Dermed skulle den mest ufullkomne, den mest upålitelege av alle sansane til det siviliserte mennesket – luktesansen, som det i vokabularet finst svært få uttrykk til å skildre ulike sanseopplevingar med – vere tilstrekkeleg for å stadfeste eit legemiddel sine dynamiske kvalitetar i den menneskelege organismen; medan alle våre sansar til saman, i full beredskap for undersøking av ein medisinsk substans med omsyn til ytre kvalitetar, ikkje bidreg med noko, ikkje den minste informasjon med omsyn til den viktigaste av alle løyndomar; den indre, åndelege krafta som finst i naturlege substansar for å assistere menneska si helsetilstand; med andre ord: deira sanne medisinske og kurerande evner, som er svært forskjellig i kvar einskild aktive substans, og som berre kan synleggjerast når den blir teken innvortes og får verke direkte på dei vitale funksjonane i organismen! (Dei mest kraftfulle legemidla, som belladonna, digitalis, emetikum av tartar, arsenikk etc., har lita eller inga lukt i det heile.)

Må hegg, mynte, kvann, arnika, sassafrastre, sandeltre, koriander, kamille, løpstikke og rosmarin nødvendigvis ha den same medisinske verknad berre fordi nasane til autoritetane i legemiddellære, til si eiga tilfredsstilling, oppdaga at dei alle har ei aromatisk lukt?

Kan ei legemiddellære sett saman av ein slik mikstur av legemiddel, der alle er svært viktige nettopp på grunn av deira svært varierande verknader, vise noko anna enn utsvevande overtydingar og uærleg, ignorant sjølvtilfredsstilling?

Ikkje noko kunsthandverk, uansett kor uedelt det måtte vere, har gjort seg skuldig i slike umotiverte førestellingar med omsyn til bruken og kreftene i materiala og verktya. Reiskapen som skulle nyttast, blei i alle tilfelle først prøvd ut på mindre delar av det materialet den var meint å skulle verke på, for å forsikre seg om kva for forandringar den var i stand til å utføre på det, før den blei brukt i større skala på det verdifulle arbeidet, der ein feil ville kunne påføre alvorleg skade. Lerretsbleikaren prøvde først verknaden av klor, som er svært øydeleggjande på vegetabilsk materiale, på ein liten del av tøystykket, for dermed å unngå å øydeleggje heile materiallageret. Skomakaren hadde på førehand overtydd seg sjølv om kvaliteten i hamp – at fibrane var sterkare enn lin, og at når den blei utsett for fukt, fylte den hola i læret meir fullstendig gjennom si utviding og var meir motstandsdyktig mot oppsmuldring enn lin – før han heller nytta den i staden for lin når han skulle sy sine sko; og det var ikkje anna å vente av ein skomakar!

Men i den arrogante medisinen av vanleg merke, blir legemidla – legekunsten sine reiskapar – gjeve utan minste skepsis i det viktigaste arbeidet nokon kan utføre for sine brør – eit arbeid liv og død, og i enda større grad, glede eller bitter sorg for heile familiar og deira pårørande er avhengig av – nemleg behandling av sjukdom; og i kjennskapen til desse midla, som blir stadfesta berre ut frå deira misvisande ytre form og frå dei på førehand skapte førestellingar og usamanhengande klassifiseringar til dei som underviser i legemiddellæra, ligg den største fare for mistyding, feil og usanning. Men til og med da, som for å skjule verknaden i kvart einskild middel, inneheld ordinasjonen ein mikstur av fleire av desse, utan frykt for det uungåelege resultatet!

Så mykje for dei ikkje-funderte påstandane med omsyn til dei generelle kvalitetane til dei mange legemidla i legemiddellæra – alle opphøgde til dogme funderte på rein gjetting, på førehand skapte idear, ekstraordinære førestellingar og fiksjon. Så mykje for denne andre ureine kjelda til den såkalla legemiddellæra som framleis blir nytta!

* * * * *

Også kjemien viser til å kunne avdekkje ei kjelde for stadfesting av dei generelle terapeutiske kvalitetane i legemidla. Men vi skal snart sjå kor urein denne tredje kjelda til den vanlege legemiddellæra er.

For eit hundreår sidan gjorde Geoffroy forsøk på å oppdage legemidla sine kvalitetar, som ikkje skulle kunne bli stadfesta på annan måte enn gjennom kjemien, og etter at medisin utvikla seg til ei kunstform, har slike forsøk vore gjort enda hyppigare.

Eg vil ikkje seie noko om dei teoretiske usanningane til Baume, Steffens og Burdach som feilaktig påstår at legemidla sine kvalitetar berre eksisterer i gassane og i visse andre kjemiske komponentar, og som like feilaktig vidare påstår, ut frå rein gjetting, at desse hypotetiske elementære komponentane hadde særskilde medisinske krefter, slik at det var ein fryd å sjå kor enkelt og raskt desse storslegne menn kunne skape dei medisinske kvalitetane i kvart legemiddel ut frå ingenting. Sidan naturen, undersøkingar på den levande menneskelege organismen, observasjonar og erfaringar ikkje blei sett i høgsetet og personleg interesse, ekspertutsegn og opphøging av ein sjølv var det einaste som gjaldt, er det lett å førestelle seg at heile prosjektet køyrde seg fast.

Nei! Eg påkallar dei seriøse ambisjonane og dei ærlege utøvarane av i dag og ber om at dei, ved hjelp av vegetabilsk og animalsk kjemi, vil nå kunnskap om dei verkeleg reine legemiddelverknadene i den menneskelege lekamen, noko legemiddellæra opp til denne tid, i følgje erfaring, har vore svært i mangel av.

Det er riktig nok sant at kjemien – den kunstforma som viser oss slike mirakel – verka å vere ei meir sannsynleg kjelde for informasjon om kvalitetar i legemidla enn alle dei verdilause førestellingane og lærde salti mortali frå eldre og nyare tid som vi til no har vurdert; og fleire blei inspirerte av denne forventninga, dog stort sett slike som anten ikkje forstod kjemi (og prøvde å få meir ut av den enn den kunne gi eller hadde i seg) eller ikkje visste noko om medisin og medisinen sine tilhøve; eller slike som ignorerte både kjemi og medisin.

Animalsk kjemi kan berre skilje daud materie som viser ein ulik kjemisk reaksjon med kjemiske reagentar, frå animalske substansar. Men det er ikkje desse komponentane i det animalske vevet, skild ut ved animalsk kjemi, legemidla verkar på når dei undergrev helse eller kurerer sjukdom i den levande organismen, anten gjennom deira elementærpartiklar, slik kjemikaren vil ha oss til å tru, eller direkte på dei. Fibrin, koegulerbar lymfe, gelatin, organiske syrer, saltar og mineralar skild ut frå muskelvev gjennom kjemiske operasjonar, er toto caelo ulik den levande muskelen, som er forsynt med irritabilitet i si perfekt organiserte tilstand i det friske eller sjuke individet; materien som blir skild ut, har ikkje den minste likskap med den levande muskelen. Kva for informasjon med omsyn til naturen til den levande organismen eller dei endringane dei ulike legemidla er i stand til å påføre den medan den er levande, kan ein få på grunnlag av desse utskilde, daude delane? Eller blir matmeltingsprosessen (denne vedunderlege omdanninga av dei mest ulike slag mat, med det for auga å ta del i den perfekte utviklinga av det levande individet med alle hennar varierande organ og væsker) i det heile meir forståeleg ut frå oppdaginga av litt sodium og saltfosfat i magesafta? Kan til og med den materielle, for ikkje å snakke om den dynamiske årsaka til ei sjukeleg matmelting eller ernæring bli forstått ut frå det kjemien finn i magesafta, slik at ein sikker behandlingsmetode kunne bli grunnlagt på den? Ingenting kan vere meir fånyttes enn slike forventningar.

Likeins er det ingenting i dei kjemiske komponentane som vegetabilsk kjemi har funne fram til i plantar, endåtil i dei plantane som har dei sterkaste medisinske eigenskapane – korkje lukt eller smak – som kan gi uttrykk for eller avdekkje desse såpass varierande verknadene som kvar av desse medisinske substansane, i følgje erfaring, er i stand til å utføre med omsyn til forandring i eit individ si tilstand – frisk eller ved sjukdom.

Væska eller oljen som blir destillert frå planten, eller kvaen frå den, er heilt sikkert ikkje planten sine aktive hovudkomponentar; dei aktive komponentane finst berre, usynleg, i dei delane dei blir trekte ut frå og i seg sjølve enno ikkje synlege for våre sansar. Verknadene manifesterer seg for våre sansar først når denne destillerte væska, denne oljen, denne kvaen eller, enda betre, planten sjølv blir teken innvortes av det levande individet – nar dei verkar på den mottakelege åndeleg-animalske organismen på ein dynamisk måte.

Kva for medisinsk verknad indikerer dei andre komponentane kjemien trekkjer ut frå plantar – vegetabilsk fibrin, mineral, saltar, safter, eggekvitestoff etc. – komponentar som med få unnatak finst i mest alle plantar, til og med i dei som viser seg å ha totalt motsett medisinsk verknad? kan dei små mengdene av oksalsyre som kjemien utvinn frå rabarbrarot, vere forklaringa på at dette legemidlet er årsak til ei sjukeleg forandra søvn i friske individ, og at det kurerer liknande sjukdomstilstander?

Kva for informasjon kan alle desse komponentane gi oss, om dei er aldri så grundig analyserte av kjemien, samanlikna med den tilsynelatande evna kvar einskild plante har til å endre helsetilstanden til den levande menneskelege organismen på dei mest særeigne og varierande måtar?

Kjemikaren Green, som ikkje hadde noko kjennskap til medisin, heldt fram for legane i sin Farmakologi som er full av dei mest skadelege påstandar: «Berre den kunnskapen som kjemien gir oss om hovudbestanddelane i legemidla, kan stadfeste legemidla sin effektivitet.»

Kunnskap ja visst! Og kva for kunnskap gir kjemien oss med omsyn til dei daude, stillteiande komponentane i legemidla? Svar: Den lærer oss ikkje anna enn deira kjemiske teikn; den lærer oss at dei reagerer slik eller slik med kjemiske reagentar, og ut frå dette blir dei kalla væsker, kvae, eggekvitestoff, slim, mineral og safter av eit eller anna slag; ting av svært liten verdi for legen. Desse namna seier oss ingenting med omsyn til dei forandringane denne planten eller dette mineralet kan påføre helsa til det levande mennesket, kvar og ein ulik i sin særeigne usynlege, indre, essensielle natur; og så er det aleine denne heile legekunsten er grunna på! Berre dei manifestasjonane på aktiv åndeleg kraft i kvar einskild legemiddelagent som blir stadfesta gjennom innvortes administrasjon i mennesket, kan informere terapeuten om legemidlet sitt verknadsfelt med omsyn til legemidlet si kurerande evne. Namnet på kvar av legemidlet sine kjemiske komponentar, som er identisk i dei fleste plantar, lærer han ingenting om denne.

At kalomel til dømes består av frå seks til åtte delar kvikksølv, som gjennom sublimering blir foreint med ein del kolsyre – at den blir svart når den blir gnidd med kalkvatn – dette kan kjemien lære oss; men at denne prepareringa kan vere årsak til den velkjende spyttproduksjonen, med si særeigne lukt, i mennesket; dette veit kjemien, som sådan, ingenting om; dette kan kjemien ikkje lære oss. Denne dynamiske verknaden av kalomel på den menneskelege organismen kn berre bli oppdaga gjennom utprøving, oppnådd frå medisinsk bruk og frå innvortes administrasjon, når den verkar dynamisk og spesifikt på den levande organismen; det er faktisk berre utprøving og observasjon i forhold til verknaden av medisinske substansar på det levande menneskelege subjekt som kan stadfeste deira forhold til organismen, med andre ord: deira medisinske kvalitetar; men dette kan aldri kjemien, som berre undersøkjer anorganiske substansar si verknad på kvarandre, gjere.

Kjemien kan sjølvsagt gi oss den unyttige informasjonen at belladonnablada har svært lik kjemisk samansetning som kål og svært mange andre plantar, sidan dei inneheld eggekvitestoff, gelatin, grøn kvae, vegetabilsk syre, pottaske, kalk- og kiselhaldige mineral etc.; men dersom det er slik Green forsikrar oss om, at kunnskapen om dei elementære komponentane oppnådd av kjemien ved hjelp av reagentar, dvs. kjemisk, er tilstrekkeleg i stadfestinga av substansane sine medisinske kvalitetar, skulle det tyde at ein tallerken med belladonna må vere ein like næringsrik og uskyldig matvare som kålen. Er det det kjemikaren meiner? Og dermed kan ikkje kjemien som tek det for gjeve å kunne stadfeste dei medisinske kvalitetane i naturlege substansar ut frå deira kjemiske samansetning, unngå å tilskrive substansar som gjennom analyse viser seg å bestå av dei same komponentane, dei same medisinske kvalitetane; det kan følgjeleg ikkje hjelpa å påstå at kål og belladonna er like uskuldige eller like giftige plantar, noko som klart som dagen viser absurditeten i kjemien sine førestellingar og kjemien sin inkompetanse i vurdering av dei medisinske kreftene i naturlege substansar.

Ser ikkje Green og hans etterfølgjarar at kjemien berre kan gi informasjon med omsyn til om denne eller hin materielle komponent er til stades i den fysiske lekamen, og at dei følgjeleg ikkje er anna enn kjemiske substansar for kjemien? Kjemisk analyse kan vise oss deira verknad i forhold til kjemiske reagentar, og dette er kjemien sitt einaste skikkelege domene; men den ikkje vise oss, korkje i sine oppløysings- eller ekstraheringskar, korkje i sine destilleringskolbar eller oppsamlingskar, kva for dynamiske forandringar dei einskilde legemidla kan produsere når dei kjem i kontakt med den levande organismen.

Kvar vitskap kan berre vurdere og kaste lys over dei tema som ligg innafor sitt eiga felt; det er tankelaust å forvente informasjon frå ein vitskap om tema som høyrer inn under andre vitskapar.

Hydrostatikken gjer oss i stand til å avgjere den spesifikke gravitasjonen i fint sølv samanlikna med den i fint gull, med presisjon; men den gjer ikkje inntrykk av å kunne stadfeste forskjellen i kommersiell verdi mellom desse to. Hydrostatikken kan ikkje seie oss noko med omsyn til om gull har tolv, tretten eller fjorten gonger større verdi enn sølv i Europa eller Kina; det er berre mangelen på og etterspurnaden etter den eine eller den andre som kan stadfeste deira relative merkantile verdi.

På same måten er botanikk uunnverleg for bonden med omsyn til kunnskap om plantane si særeigne form og evna til å skilje dei frå kvarandre på grunnlag av deira utsjåande, men likevel ikkje til noko hjelp for han når han skal finne ut om ein gjeve plante er passande fòr for sauane og grisane eller ikkje, og botanikk kan heller ikkje gi han informasjon om kva for korn eller kva for rot som er best for å gjere hesten sterk eller for å feite opp oksen; korkje dei botaniske systema til Tournefort, Haller, Linnaeus eller Jussieu kan fortelje han dette; berre reine, grundige, samanliknande utprøvingar på dei ulike dyra sjølve kan gi han tilstrekkeleg informasjon.

Kvar vitskap kan berre avgjere i dei saker som ligg innafor sitt eige felt.

Kva finn kjemien i den naturlege magneten og i den kunstige magnetstaven? I førstnemnde oppdagar den ikkje anna enn ei rik jernore blanda med kisel og ei lita mengd magnesium; i sistnemnde ikkje anna enn reint jern. Ingen kjemisk reagent kan ved hjelp av den mest nøyaktige kjemiske analyse oppdage det minste spor av den mektige magnetiske krafta, korkje i det eine eller det andre tilfellet.

Men ein annan vitskap, naturvitskapen, viser gjennom sine undersøkingar både at denne vedunderlege krafta er til stades i den naturlege magneten og i magnetisert stål og i tillegg magneten sine fysiske forhold til den ytre verda, magneten si evne til å tiltrekkje seg jern (nikkel, kobolt), at den eine enden av den magnetiske nåla rettar seg mot nord, magneten sine avvik frå Nordpolen i ulike tiår og på ulike delar av kloten, enkelte gonger mot vest og andre gonger mot aust, og magneten sin varierande vinkel ved ulike breiddegrader.

Naturvitskapen er dermed i stand til å fortelje noko meir med omsyn til magneten og til å oppdage meir av magneten si magnetiske kraft frå naturvitskapen sin synsvinkel.

Men kunnskapen om kva som er verdt å vite om magneten, blir ikkje studert av kjemien og naturvitskapen; ingen av desse vitskapane kan avdekkje noko i den utanom det som ligg innafor deira eige felt. Korkje rekkevidda av kjemien eller fysikken kan informere oss om kva for mektig, kva for særeigen, kva for karakteristiske verknader den magnetiske krafta er i stand til å påføre helsa til den menneskelege lekamen når den kjem i kontakt med den og kva for særeigne kurerande evner den har ved særskilde sjukdomar; dette temaet må dei begge overlate til legane sine undersøkingar og observasjonar.

Difor, sidan ingen vitskap kan late til å kunne forklare ting som høyrer inn under andre vitskapsområde utan å framstå som latterleg, håpar eg medisinarane etter kvart vil innsjå at kjemien sitt rette felt ikkje består i anna enn å skilje kjemiske komponentar i substansar frå kvarandre og setje dei saman att (og slik sett tilbyr den farmakologien teknisk hjelp); eg håpar dei vil innsjå at legemiddel ikkje blir oppfatta av kjemien som legemiddel (dvs. agentar i stand til å endre helsetilstanden i eit individ på ein dynamisk måte), men berre som kjemiske substansar (likevel berre i den grad deira komponentar kan bli undersøkt i eit kjemisk lys). Kjemien kan følgjeleg berre gi kjemisk informasjon med omsyn til medisinske substansar og ikkje kva for åndelege, dynamiske forandringar dei er i stand til å påføre mennesket si helsetilstand eller kva for medisinske og kurerbare evner kvart einskild legemiddel eig og er i stand til å utføre i den levande organismen.